Filosofi og kvinner

Dei fleste store filosofane var menn , men var det slik at menn fekk alt fokuset? Var det nokon som oppi alt som tenkte på kvinnene? Korleis var synet på kvinner for folk som Kant og Mill?

Biologisk sett er menn og kvinner likestilte og det blir nesten produsert like mange av oss og behovet for dei er like stort. Men kvifor har det vore så stor forskjell mellom desse kjønna?

I tidlegare tider var det slik at mennene drog ut for å krige og jakte, mens kvinna passa ungane og hadde husnøkkelen. Slik utvikla det seg til at mannen i familien var ute i arbeid og tente til livets opphald, medan kona var heime og vaska og passa ungar. Men har det halde fram slik? Under krigen opplevde mange kvinner at dei måtte ut i arbeid og trå til på fleire område enn kva dei var vane med. Kanskje dette var byrjinga på noko nytt eller bare ein naturleg overgang. Kvinnene måtte ut i arbeid for å forsørgje familien, sidan mennene kjempa i krig. Her ser me at kjønna er nøydde til samarbeid. Og dette er viktig! Samarbeid mellom kjønna i arbeidslivet og familielivet kjem meir og meir framover.

Men tilbake til filosofane og dei forskjellege syna på kvinna og likestilling. Kant var ein som hadde sansen for kvinna, ikkje først og fremst for intelligens, men for skjønnheita. Han meinte at kvinna ikkje tenkte i etiske retningar men i estetiske, om noko er fint eller stygt kunne kvinna svare på. Kant var faktisk så imponert over desse evnene at han meinte at kvinna ikkje trengde å få ei utdanning, men skulle dyrke og utvikla sine eigenskapar innan kjensle og dei estetiske evnene sine. For meg høyres Kant sine tankar om kvinna som om kvinna er ei porselensdokke ein må passe på og beskytte på grunn av skjønnheita hennar. Men det var andre som ikkje fant seg i desse tankane, blant anna den britiske filosofen Mary Wollstonecraft og John Stuart Mill.

John Stuart Mill er kjend for å vere ein av dei som kjempa for likestilling. På trass av at desse meiningane kunne føre til fengsling på den tida han levde, gjekk han ut og sa kva han meinte om likestilling. I filosofien sin tok han utgangspunkt i individet, ikkje mannen eller kvinna, men individet. Og det var derfor naturleg for han at kvinna skulle ha dei same rettane som menn.

Mary Wollstonecraft, som tidleg ga ut eit verk om feministisk teori, meinte i motsetning til Kant at kvinna burde få utdanning. Og denne utdanninga skulle passe til deira stilling i samfunnet. Ho meinte at kvinner ikkje bare skulle vere hustruer, men at kvinner var menneske og skulle derfor ha dei same grunnleggjande rettane som menn.

Når ein ser på kva tid desse tre levde ser ein at Kant levde først, så kom Wollstoncraft og til slutt Mill. Kanskje samfunnet blei meir ope for likestilling, eller i alle fall at kvinna skulle få ei meir sentral rolle i samfunnet?

Det blir feil å seie at kvinna ikkje blei inkludert i alle filosofiane, når alt kjem til eitt er det mange filosofar som har tankar rundt dette emnet.

Legg igjen en kommentar