Archive for februar 24, 2009

Filosofi og kvinner

Dei fleste store filosofane var menn , men var det slik at menn fekk alt fokuset? Var det nokon som oppi alt som tenkte på kvinnene? Korleis var synet på kvinner for folk som Kant og Mill?

Biologisk sett er menn og kvinner likestilte og det blir nesten produsert like mange av oss og behovet for dei er like stort. Men kvifor har det vore så stor forskjell mellom desse kjønna?

I tidlegare tider var det slik at mennene drog ut for å krige og jakte, mens kvinna passa ungane og hadde husnøkkelen. Slik utvikla det seg til at mannen i familien var ute i arbeid og tente til livets opphald, medan kona var heime og vaska og passa ungar. Men har det halde fram slik? Under krigen opplevde mange kvinner at dei måtte ut i arbeid og trå til på fleire område enn kva dei var vane med. Kanskje dette var byrjinga på noko nytt eller bare ein naturleg overgang. Kvinnene måtte ut i arbeid for å forsørgje familien, sidan mennene kjempa i krig. Her ser me at kjønna er nøydde til samarbeid. Og dette er viktig! Samarbeid mellom kjønna i arbeidslivet og familielivet kjem meir og meir framover.

Men tilbake til filosofane og dei forskjellege syna på kvinna og likestilling. Kant var ein som hadde sansen for kvinna, ikkje først og fremst for intelligens, men for skjønnheita. Han meinte at kvinna ikkje tenkte i etiske retningar men i estetiske, om noko er fint eller stygt kunne kvinna svare på. Kant var faktisk så imponert over desse evnene at han meinte at kvinna ikkje trengde å få ei utdanning, men skulle dyrke og utvikla sine eigenskapar innan kjensle og dei estetiske evnene sine. For meg høyres Kant sine tankar om kvinna som om kvinna er ei porselensdokke ein må passe på og beskytte på grunn av skjønnheita hennar. Men det var andre som ikkje fant seg i desse tankane, blant anna den britiske filosofen Mary Wollstonecraft og John Stuart Mill.

John Stuart Mill er kjend for å vere ein av dei som kjempa for likestilling. På trass av at desse meiningane kunne føre til fengsling på den tida han levde, gjekk han ut og sa kva han meinte om likestilling. I filosofien sin tok han utgangspunkt i individet, ikkje mannen eller kvinna, men individet. Og det var derfor naturleg for han at kvinna skulle ha dei same rettane som menn.

Mary Wollstonecraft, som tidleg ga ut eit verk om feministisk teori, meinte i motsetning til Kant at kvinna burde få utdanning. Og denne utdanninga skulle passe til deira stilling i samfunnet. Ho meinte at kvinner ikkje bare skulle vere hustruer, men at kvinner var menneske og skulle derfor ha dei same grunnleggjande rettane som menn.

Når ein ser på kva tid desse tre levde ser ein at Kant levde først, så kom Wollstoncraft og til slutt Mill. Kanskje samfunnet blei meir ope for likestilling, eller i alle fall at kvinna skulle få ei meir sentral rolle i samfunnet?

Det blir feil å seie at kvinna ikkje blei inkludert i alle filosofiane, når alt kjem til eitt er det mange filosofar som har tankar rundt dette emnet.

Leave a comment »

Er det gode verkeleg?

Er det sant at alt godt er verkeleg? Nokon dagar kan det kjennast slik, du har ein super dag der du får til det du følte var umulig og opplever at du lukkast. Det er på slike dagar at du føler du kunne klatre til topps på Mount Everest som om det var ein vanleg gymtime. Men korleis kan ein vite om det gode er verkeleg?

For filosofen Platon, var nettopp dette spørsmålet noko av det viktigaste for han. Han ville vise at det gode var verkeleg, og meinte at det ikkje var opp til kvar enkelt å bestemme kva som er godt. For det er ofte slik at me ser forskjellig på ting. For eksempel når det gjeld mat er det lett å finne slike forskjellar. Tru meg, dette er noko eg har personlege erfaringar om! Då eg var liten og gjekk på middagsbesøk var det ofte uvant mat som ikkje heilt falt i smak for meg, men som venninna mi likte kjempegodt og var vane med. Ho kunne glede seg til middagen eg grudde meg til. Men tilbake til Platon. Han meinte som sagt at person frå person ikkje skulle bestemme kva som er godt. Han hadde trua på at det finst ein ide om det Gode. Og sjølv om situasjonane me opplever gleda i er forskjellige, kjenner me igjen denne ideen. Her finn me kloke visdomsord. Det gode kan vere så mangt og så forskjellig at eg har problem med å setje ord på det. Ein kan jo alltids seie at når ein opplever noko godt skjer det ein kjemisk reaksjon i kroppen slik at det blir danna hemoglobin, men er dette noko god forklaring? Ideen om det Gode, er ein fin forklaring på noko alle har sitt eige syn på.

Men kan gleda vere ”too good to be true”? Det at ein følar at noko er for godt til å vere sant, er ein merkeleg følelse. Ofte kan ein få kjensla av at ein drøymer når noko verkeleg godt skjer med ein. Dette har i alle fall eg opplevd! Som Descartes sa: ”Korleis kan eg veta at eg ikkje drøymer?” og nettopp her har han eit godt poeng. Korleis skal ein vita om det er sant eller ikkje? Men for han var det ikkje nok å klype seg sjølv i armen, han tvilte på sjølve eksistensen! Eg for min del tar an ikkje så langt, men held meg til klypinga…

Om det gode er verkeleg eller ei, så har det i alle fall ei viktig rolle i livet vårt. Den kjensla ein får av noko godt er det som for mange gjer livet lettare å leve. Det gode er verkeleg om du vil at det skal vere det, sidan ein likevel har forskjellig syn på kva som er godt kan ingen seie at det ikkje er det. Men langt der ute er det ei grense der det gode kryssar rett og galt.

Ein ting er sikkert, det gode gir deg ei god kjensle og eg vil avslutta dette med viktige visdomsord: Små gleder er store gleder!

Leave a comment »