Filosofi og kvinner

Dei fleste store filosofane var menn , men var det slik at menn fekk alt fokuset? Var det nokon som oppi alt som tenkte på kvinnene? Korleis var synet på kvinner for folk som Kant og Mill?

Biologisk sett er menn og kvinner likestilte og det blir nesten produsert like mange av oss og behovet for dei er like stort. Men kvifor har det vore så stor forskjell mellom desse kjønna?

I tidlegare tider var det slik at mennene drog ut for å krige og jakte, mens kvinna passa ungane og hadde husnøkkelen. Slik utvikla det seg til at mannen i familien var ute i arbeid og tente til livets opphald, medan kona var heime og vaska og passa ungar. Men har det halde fram slik? Under krigen opplevde mange kvinner at dei måtte ut i arbeid og trå til på fleire område enn kva dei var vane med. Kanskje dette var byrjinga på noko nytt eller bare ein naturleg overgang. Kvinnene måtte ut i arbeid for å forsørgje familien, sidan mennene kjempa i krig. Her ser me at kjønna er nøydde til samarbeid. Og dette er viktig! Samarbeid mellom kjønna i arbeidslivet og familielivet kjem meir og meir framover.

Men tilbake til filosofane og dei forskjellege syna på kvinna og likestilling. Kant var ein som hadde sansen for kvinna, ikkje først og fremst for intelligens, men for skjønnheita. Han meinte at kvinna ikkje tenkte i etiske retningar men i estetiske, om noko er fint eller stygt kunne kvinna svare på. Kant var faktisk så imponert over desse evnene at han meinte at kvinna ikkje trengde å få ei utdanning, men skulle dyrke og utvikla sine eigenskapar innan kjensle og dei estetiske evnene sine. For meg høyres Kant sine tankar om kvinna som om kvinna er ei porselensdokke ein må passe på og beskytte på grunn av skjønnheita hennar. Men det var andre som ikkje fant seg i desse tankane, blant anna den britiske filosofen Mary Wollstonecraft og John Stuart Mill.

John Stuart Mill er kjend for å vere ein av dei som kjempa for likestilling. På trass av at desse meiningane kunne føre til fengsling på den tida han levde, gjekk han ut og sa kva han meinte om likestilling. I filosofien sin tok han utgangspunkt i individet, ikkje mannen eller kvinna, men individet. Og det var derfor naturleg for han at kvinna skulle ha dei same rettane som menn.

Mary Wollstonecraft, som tidleg ga ut eit verk om feministisk teori, meinte i motsetning til Kant at kvinna burde få utdanning. Og denne utdanninga skulle passe til deira stilling i samfunnet. Ho meinte at kvinner ikkje bare skulle vere hustruer, men at kvinner var menneske og skulle derfor ha dei same grunnleggjande rettane som menn.

Når ein ser på kva tid desse tre levde ser ein at Kant levde først, så kom Wollstoncraft og til slutt Mill. Kanskje samfunnet blei meir ope for likestilling, eller i alle fall at kvinna skulle få ei meir sentral rolle i samfunnet?

Det blir feil å seie at kvinna ikkje blei inkludert i alle filosofiane, når alt kjem til eitt er det mange filosofar som har tankar rundt dette emnet.

Leave a comment »

Er det gode verkeleg?

Er det sant at alt godt er verkeleg? Nokon dagar kan det kjennast slik, du har ein super dag der du får til det du følte var umulig og opplever at du lukkast. Det er på slike dagar at du føler du kunne klatre til topps på Mount Everest som om det var ein vanleg gymtime. Men korleis kan ein vite om det gode er verkeleg?

For filosofen Platon, var nettopp dette spørsmålet noko av det viktigaste for han. Han ville vise at det gode var verkeleg, og meinte at det ikkje var opp til kvar enkelt å bestemme kva som er godt. For det er ofte slik at me ser forskjellig på ting. For eksempel når det gjeld mat er det lett å finne slike forskjellar. Tru meg, dette er noko eg har personlege erfaringar om! Då eg var liten og gjekk på middagsbesøk var det ofte uvant mat som ikkje heilt falt i smak for meg, men som venninna mi likte kjempegodt og var vane med. Ho kunne glede seg til middagen eg grudde meg til. Men tilbake til Platon. Han meinte som sagt at person frå person ikkje skulle bestemme kva som er godt. Han hadde trua på at det finst ein ide om det Gode. Og sjølv om situasjonane me opplever gleda i er forskjellige, kjenner me igjen denne ideen. Her finn me kloke visdomsord. Det gode kan vere så mangt og så forskjellig at eg har problem med å setje ord på det. Ein kan jo alltids seie at når ein opplever noko godt skjer det ein kjemisk reaksjon i kroppen slik at det blir danna hemoglobin, men er dette noko god forklaring? Ideen om det Gode, er ein fin forklaring på noko alle har sitt eige syn på.

Men kan gleda vere ”too good to be true”? Det at ein følar at noko er for godt til å vere sant, er ein merkeleg følelse. Ofte kan ein få kjensla av at ein drøymer når noko verkeleg godt skjer med ein. Dette har i alle fall eg opplevd! Som Descartes sa: ”Korleis kan eg veta at eg ikkje drøymer?” og nettopp her har han eit godt poeng. Korleis skal ein vita om det er sant eller ikkje? Men for han var det ikkje nok å klype seg sjølv i armen, han tvilte på sjølve eksistensen! Eg for min del tar an ikkje så langt, men held meg til klypinga…

Om det gode er verkeleg eller ei, så har det i alle fall ei viktig rolle i livet vårt. Den kjensla ein får av noko godt er det som for mange gjer livet lettare å leve. Det gode er verkeleg om du vil at det skal vere det, sidan ein likevel har forskjellig syn på kva som er godt kan ingen seie at det ikkje er det. Men langt der ute er det ei grense der det gode kryssar rett og galt.

Ein ting er sikkert, det gode gir deg ei god kjensle og eg vil avslutta dette med viktige visdomsord: Små gleder er store gleder!

Leave a comment »

Menneskesyn i kristendommen

Det siste Gud skapte var mennesket. Mennesket blei skapt for å ta vare på skaparverket og for å leve på jorda. Dei fleste av oss har høyrt historia om Eva og Adam som var dei første menneska som blei skapt. Menneska skulle leve i fellesskap og elske kvarandre slik som Gud elska dei.

Er alle menneske like mykje verd? I følgje Bibelen er det ikkje slik at ein er meir verd om ein gjer noko spesielt eller er ein spesiell person, menneskeverdet er lik for alle menneske. Her finn ein moderne tankar i tekstar som blei skrivne for fleire tusen år sidan. Gud gjer ikkje forskjell på mennesket, men seier at alle er like mykje verd. Dette blir understreka i Paulus brev til galatarane kap.3 vers 28 står dette skrive: ”Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje slave eller fri, her er ikkje mann og kvinne. De er alle ein i Kristus Jesus”.

Når ein ser på dagens samfunn skulle ein ønskje at dette hadde vore sjølvsagt hjå alle menneske. Men det er det ikkje, i ein del land i verda blir kvinner undertrykte og forskjellsbehandla.

På Jesus si tid var det profetar, prestar ol. som lærde i synagogane og underviste i jødedommen. Men då Jesus kom starta han ei ny trend der han tok med seg fiskarar, tømrarar og alle slags yrkesgrupper som han forkynna til og underviste for. Han avgrensa ikkje dette til ei bestemt samfunnsgruppe, men opna for alle. Når han var ute blant folket og tala var det til mann, kvinne og til og med barn. Dette viser at Jesus var open for alle og meinte at alle menneske var like mykje verd. Han oppfordra og menneska til å ta omsorg for medmenneska. Dette finn ein i kjærleiksbodet der det står at du skal elske nesten din som deg sjølv og i den gylne regel.

Eg synest at kristendommen har eit positivt menneskesyn. Der kvart menneske har verdi, ikkje utifrå kva dei gjer og korleis dei er, men verdi som menneske i seg sjølv.

Comments (4) »

Kva gjer ein buddhistisk munk?

Det er ikkje vanskeleg å sjå om ein munk er buddhistisk, dei skiljer seg ut med den karakteristiske safrangule drakta og det barberte hovudet. Dette er eit vanleg syn i Sør-Asia, men her i Noreg har eg bare opplevd dette ein gong..

Allereie frå starten av blei tilhengjarane til Buddha delt inn i to grupper, nemleg lekfolket og munkar og nonner. Munkane og nonnene har strenge levereglar dei må følgje i klosteret. Ein munk skal følgje Buddhas lære og leve etter dei lovane og reglane som står i den. Og for å gjere dette må dei gi avkall på familieliv og det vanlege samfunnslivet.

Munkar lev eit enkelt liv i klostera, dei lev faktisk i fattigdom. Sjølv om lekfolket og munkane blei delt inn i to grupper i byrjinga seier ikkje dette at dei ikkje har noko med kvarandre å gjere. Dei er på eit vis avhengige av kvarandre. Munkane får mat og penger til mat frå lekfolket, i gjengjeld gir munkane lekfolket undervisning i Buddhas lære. I buddhismen blir ikkje tigginga som munkane gjer sett på som negativt, men positivt. Dette er ein sjanse for folk å gi gaver, slik at dei styrker deira eigen karma.

Munkeordenen blir ofte sett på som ryggrada i det religiøse livet i mange buddhistiske land. Ein ser tydeleg kor sterkt munkeordenen står i buddhismen i ”dei tre tilfluktene”. ”Dei tre tilfluktene” er ei vedkjenning som ein buddhist ber kvar dag og i denne vedkjenninga står det : ”eg tek mi tilflukt i munkefellesskapen”.

Altså munkane brukar tida si på klosteret til å meditere å leve etter blant anna den åttedelte vegen. Men dei brukar også tida til å forkynne religionen og undervise lekfolk i Buddhas lære.

Leave a comment »

Er Buddha ein gud?

Det er ikkje rart at folk tenke på Buddha som ein gud for buddhismen, sidan ein ofte snakkar om Buddha når ein snakkar om buddhismen. Men dette er altså ikkje rett, Buddha er ingen gud.

Buddha tyder eigentleg den ”opplyste” og blir brukt som ein ærestittel på dei som har nådd målet i buddhismen, men det blir og brukt om grunnleggjaren av buddhismen.

Siddhartha var det eigentlege namnet på han som blir rekna som grunnleggjaren for buddhismen. Siddhartha levde ein gong i mellom 600 og 400 fvt. Han voks opp i gode levekår og gifta seg som ung. Men då han var rundt 29 år opplevde han eit vendepunkt i livet sitt, dette gjorde sterkt inntrykk på han og førte til at han forlot sin familie og det behagelege liv.

Han starta med meditasjon og yoga. Og ville å gi avkall på dei materielle verdiar i verda, sidan han meinte at dette ikkje førte til at mennesket blei lykkelegare eller at livet blei meir meiningsfullt. Etter lang tid med meditasjon fekk han, ein dag han sat under eit fikentre, forståinga. Denne forståinga blir også kalla boddhi som tyder ”oppvakning”. Siddhartha hadde blitt opplyst, altså Buddha. Etter denne episoden la Siddhartha grunnlaget for buddhismen nemleg, dharma som er læra i buddhismen.

Buddha blir sett på som ein viktig person for buddhistane. Han var eit vanleg menneske som klarte å bli opplyst. Han klarte å oppnå nirvana. Han var eit forbilde for andre buddhistar og viste korleis dei kunne leva. Buddah er ingen gud for mennesket, men blei sett på som ein vegvisar og læremeister.

Comments (1) »

Kunst i islam

Når ein er i ein moske ser ein aldri eit bilde eller ein statue av eit levande vesen. Og grunnen til dette er at i islam er det streng forbod mot avbildingar. Ein skal ikkje laga skulpturar eller bilete som framstiller Allah eller hans skaparverk. Dei frykta frå gammalt av at skulpturar eller bilete som framstilte levande vesen kunne bli gjenstand for dyrking.

Sidan det ikkje er lov å framstille levande vesen i islamsk kunst, har kunsten gått nye vegar med ornamentikk, kunsthandverk og kalligrafi.

Det er spesielt ornamentikk som kjenneteiknar kunsten i islam. Den kreative bruken av geometriske former til ornamentikk ser ein igjen i utsmykking av moskear. Ornamentikken blir inspirert av planter, som blir til abstrakte figurar. Dette finn ein ofte igjen i keramikk, tepper osv.

Kalligrafi blir også mykje brukt i utsmykking av moskear. Ein tar ofte utgangspunkt i arabiske skriftteikn som ein utsmykkar og brukar i mønster.

Kunsten ein ser i islam meinar eg er spesiell (på ein positiv måte). Sjølv om dei ikkje kan avbilde noko levande vesen, lagar dei kunstverk som er så detaljerte og gjennomførte at ein kvar blir imponert…

Kjelde: http://www.snl.no/article.html?id=610009#24

Comments (2) »

Kva er fredagsbønna?

For muslimane er bønn ein svært viktig del av trua. Muslimane har fem søyler som viser dei religiøse forpliktingane deira. Som søyle nummer to kjem bønn. I islam er det påbudt å be fem gonger om dagen. Desse daglege bønnene kan ein muslim be kor som helst, bare ein har hovudet i retning mot Mekka.

Ein muslim bør be med andre muslimar minst ein gong i veka, og på fredagen blir ei av desse daglege bønnene erstatta med det ein kallar ”fredagsbønna”. Denne fredagsbønna føregår i ein moske og her har ein ei gudsteneste med preike. Gudstenesta blir leia av ein bønneleiar, iman. Og sidan det ikkje er noko organisert presteskap i islam, kan einkvar vaksne muslim leie bønna. Men det har etter kvart blitt vanlegare at imanen har utdanning innan teologi.

Det er fleire reglar ein muslim må følgja når ein skal på fredagsbønna. Dei må dekke til kroppen slik at dei er sømmeleg kledde, og ta av seg skoa før ein går inn i moskeen. Ein må sjølvsagt også gjennom ei reinsing før ein kan be. Når ein er inne i moskeen, er det viktig at ein disiplinert følgjer rørslene til bønneleiaren sidan rørslene er like viktige som orda i islam.

Dersom ein ikkje har anledning til å gå på fredagsbønna, ber ein middagsbønna som vanleg.

Det er vanleg at det bare er mennene som ber i den store salen, mens kvinnene må halde til på eit galleri eller bak eit forheng bak i salen. Dette viser at det er forskjell på kvinner og menn i islam, og at dei ikkje har likt syn på likestilling slik som i den vestlege verda.

Leave a comment »

Er ein engel ei form for gud?

Den engelen eg først tenkjer på er engelen som kom for å fortelja at Jesubarnet var født. Denne engelen var ein som kom med bod frå Gud. Då tenkjer eg at engelen ikkje er ein gud men ein hjelpar for Gud. Ein veit ikkje korleis englar ser ut og det er kanskje derfor englar ofte blir beskrive som eit lys eller ein lysande skikkelse.

I ein barnesong syng ein at ”eg har en engel som følger meg” . Då blir engelen ein som passar på at ein ikkje kjem ut for noko gale. På den måten framstår engelen som ein hjelpar for menneske.

Dette er noko av det same ein kan ein lese i avisa f.eks. etter ei bilulukke der ein seier at ein hadde englevakt. Då ser ein og på engelen som ein som passar på ein.

På eit vis kan ein seia at ein engel er ei form for gud fordi ein tenkjer den har evner som er overnaturlege. Englar er ikkje det same som Gud, men som ein ser i dei to eksempla kan englar vere både Gud sine hjelparar og sendebod.

Comments (1) »

Er det mogleg å seie noko klart og tydeleg om kva religion er?

Kva er religion? Det er utallige definisjonar på kva religion er. Religion finn du overalt i forskjellige variantar (islam, hinduisme osv).Og det er umogeleg å seie heilt konkret kva det er. Kanskje indarar ser på religion som noko anna enn kva me nordmenn gjer. Men religion handlar om noko utanfor oss sjølv. Noko som ikkje er konkret slik at me kan ta på eller kjenna det.

”Det heilage” er eit uttrykk som ofte blir brukt for å beskrive religion. Det heilage er beskrive noko som er annleis enn det kvardagslege. Det kan variere frå person til person kva ein meiner med det heilage, det kan vere noko ein ser opp til for eksempel ein gud eller ein buddha-statue. I den katolske kyrkja ser ein opp til helgenar, som er personar som har levd eit liv det ein har gjort gode eller spesielle ting . Er religion noko så enkelt som trua på det heilage?

I Leksikon er religion blitt beskrevet slik: ”religion (av lat.), er uttrykk for menneskenes holdning til det de anser for å være den egentlige virkelighet og de grunnleggende verdier i tilværelsen”. Dette er ein definisjon som eg synest passar inn for noko ein aldri har klart å seie kva er. Den seier ikkje konkret kva religion er, men kva religion gir uttrykk for. Kva meining religion har for menneske. Dei heilage skrifter har vore ein stad der menneske kan gå for å få svar grunnleggjande spørsmål.

For mange menneske er religion ein vegvisar eller rettleiar for korleis ein skal leva. Ofte er det heilage skrifter som seier noko om kva som er rett og galt i måten å leva på. Eit eksempel på dette er dei ti boda, som på mange måtar er ei rettesnor for oss som lever i den vestlege verda.

Eg meinar at alle har sin eigen definisjon på kva religion er for dei. Og det er nettopp derfor ein ikkje kan seie noko klart og tydeleg om kva religion er.

Kjelde:http://www.snl.no/article.html?id=732799&o=1&search=religion

Leave a comment »

Eit multireligiøst NRK ?

Religion er eit tema som dukkar opp kor enn du er i verda, frå lengst nord i Noreg til sør i Australia. Og sidan det er eit så stort og viktig tema finn du det også i sendetida til NRK. NRK har som oppgåve å spreie informasjon og nyheiter for innbyggjarane i Noreg. Derfor syntes eg det er rimeleg at religion har litt plass på programmet. Før var det mest aktuelt at kristendommen vart forkynt frå rikskanalen, men ting endrar seg og nå er det på tide med endringar.

Noregs befolkning blir stadig meir internasjonal, det er ikkje lenger bare kristendommen som regjerer blant befolkninga. Me finn nå alle verdas religionar i vårt vesle land. Men det er to av desse som er spesielt utbreidd: Islam og kristendom. Men der finst også andre trus- og livssynssamfunn som me ikkje må gløyma. Her vil alle ha ein bit av sendetida på NRK. Men eg synes fordelinga av sendetid må skje på grunnlag av kor utbredd religionen eller trus- og livssynssamfunnet er i Noreg. Det er to ting eg synes er viktige dersom NRK skal fortsetja å gi sendetid til formidling av religionar og livssyn. For det første synes eg det er heilt rett at den mest utbreidde religion får lengst sendetid, men ein må samstundes ikkje gløyma dei som har mindre oppslutnad. Og for det andre må forkynninga vere forståeleg for alle. Det eg då tenkjer på er at ein ikkje kan senda på for eksempel arabisk utan å teksta det på norsk.

Forkynninga på NRK vil nok fortsette framover, men kor lenge då? Det er mykje som må endrast og tas omsyn til dersom NRK vil fortsetje med forkynninga. Om den sendetida religion har fått i NRK, skal delast på mindre bitar, blir det kanskje ikkje forkynning i like stor grad som før. Men NRK må ikkje bare sende forkynning av religionane, men må også sende opplysande og informative program om livssyn og religion …

 

Kjelde: http://www.nrk.no/nyheter/1.5424219

Comments (3) »